Kirkens Nødhjelps fasteaksjon

Vatn på hovudet og ansvar på skuldrene

Kany er nødt til å ta mykje ansvar, men ho taklar det. Som eldstemann av sju søsken må Kany både passe barn, lage middag og hente vatn. Men ho likar å hjelpe, og målet er å bli sjukepleiar.
– Som sjukepleiar kan eg både få hjelpe andre, medan eg også hjelper familien min, seier Kany.
Andre kleskoder
 
Men akkurat no går det meste av tida til Kany til å hjelpe familien som er busette i ein flyktningleir i Angola. Ein krig braut ut i byen der Kany vaks opp, og no har familien frå Kongo flykta til nabolandet Angola.
 
– Eg merker dei ikkje er like strenge med korleis ein skal kle seg på skulen her i Angola. Eg likar betre når det er strenge reglar. På den andre sida er det mindre forskjell mellom fattige og rike her i Angola, og det likar eg. Også er det betre asfalt på vegane, så det er enklare å komme seg rundt, fortel Kany om inntrykket ho har fått av det nye landet ho er kome til.
 
Mykje av dagen handlar om vatn
Ho og familien bur no i eit telt i ein flyktningleir kor det er lite plass. Men snart skal familien flytte til ein annan flyktningleir der det både er større telt og meir plass. Kirkens Nødhjelp sørger for reint vatn, toaletter og tømming av søppel i begge leirane.
– Vatn er livet. Me treng det til å drikke, lage mat og vaske klede. Her i flyktningleiren tek det berre eit minutt å gå til brønnen, mens eg brukte ein time i landsbyen kor me budde før me flykta. Eg hjalp mamma med å hente vatn då også, og det var tungt, fortel Kany.
Kor viktig vatn er vart veldig tydeleg for Kany då familien var på flukt.
– Me klarte å finne ei vasskjelde, men det var veldig vanskeleg. Me måtte gå eit langt stykke for å finne vatn, og det var heller ikkje særleg reint, fortel ho.
 
Veit ikkje kor venene er
Kany har opplevd å bli sjuk av skittent drikkevatn fleire gonger, og har fleire gonger fått noko som heiter amøber og som fører til vond mage og diaré. Ho har også vore sjuk ei gong i flyktningleiren, sjølv om alt vatnet der vert testa. Slikt kan av og til skje.
Når Kany ikkje hjelper til heime har ho brukt i synge i kor i den lokale kyrkja. Men det var i Kongo, og her i Angola har ho ikkje funne eit kor. Favorittartisten er Lifoko Du Ciel, som er ein pastor frå Kongo som syng kristne songar
.
Kany veit ikkje korleis framtida blir, men ho har lyst tilbake til Kongo. Ho saknar venene sine, og hop veit ikkje kor dei er. Ho måtte forlate dei då krigen braut ut, og håper dei er i tryggleik ein eller annan stad. I mellomtida er Kany fast bestemt på at ho skal bidra til at familien klarer seg, sjølv om dei er på flukt.


Skriv ut siden